mandag 9. desember 2013

ANALYSE OG SAMALIKNING AV BLOGGAR


http://tonjekvamme.blogg.no/
http://sophieelise.blogg.no/
 


Både bloggen til Tonje Kvamme og Sophie har ein god layout som er ryddig, og det er lett å finne fram. Bloggen til Sophie Elise er ein såkalla «rosablogg» så tema fargane er rosa. Sophie bloggar i hovudsak om mote, sminke og klede, men det hender også at ho legg ut innlegg som omhandlar andre ting. Tonje Kvamme er ein dyre aktivist og ho bloggar om dyrevern, rettane til dyr/manglande rettar, så i layouten hennar er det både hundar og potemerkar. Det er tydeleg at dette er ein blogg som omhandlar dyr. Så layouten kan fortelje ganske mykje kva temaet i bloggen er/ kva han handlar om.

 Både Sophie Elise og Tonje er aktive bloggare og begge bloggane blir oppdatert fleire gonger dagleg.

 Eg synest begge bloggane er interessante på kvar måten sin. Tonje Kvamme sin blogg er litt meir seriøs enn Sophie sin, men Tonje er ein god skrivar – noko som har mykje å seie. Eg er oppteke av dyrevern og ho skriv truverdig med gode kjelder. Ho er heller ikkje redd for å seie det ho meiner, noko som er bra sidan det ikkje er alt som kjem fram i lyset når det gjeld dyrevern. Tonje gjev også eit inntrykk i dyreverdene til dei som kanskje ikkje er så interessert, men gjer dei oppmerksam på ulike saker angåande dyr.

Sophie er også ein veldig god skrivar, og er flink til å utrykke seg gjennom skriving. Ho likar å provosere, legg ofte ut lettkledde bilete, skriv ting som andre ikkje tør å skrive og er heller ikkje redd for å seie meininga si. Til tider synest eg det kan bli lite mykje drama og «fjortis faktor». Nokre gonger skriv ho innlegg som ho legg under kategorien «hjertesaker». Desse innlegga er ofte veldig personlege og gjev eit personleg inntrykk av ho som person. Sophie er også oppteke av dyrevern og skriv også innlegg som gjer inntrykk på meg. Så sjølv om det er ein blogg som i hovudsak omhandlar mote, klede og sminke så har ho ein del innlegg som er veldig gode.

I følgje Sophie bloggar ho fordi ho elskar å skrive, og ynskjer å dele ting med andre. Tonje bloggar fordi ho ynskjer å opplyse andre om dyrevern og dyrs rettigheter.

Sophie Elise er mykje meir privat på bloggen enn Tonje. Ofte kan ein lese på Sophie sin blogg om ho og kjærasten, reiser, venner eller personlege meiningar. På Tonje Kvamme sin blogg kan ein også ofte lese dei personlege meiningane hennar men han er mykje mindre personleg sidan han i hovudsak handlar om dyr og ho ikkje fortel like mykje om kvardagen sin. Men bloggen hennar blir òg ganske personleg når ein som lesar får eit inntrykk av når ho skriv meiningane sine i blogginnlegg. Dei er personlege på ulike måtar.

Bodskapen til bloggane er slik som nemnt over. Sophie bloggar i hovudsak om mote, klede og sminke men kjem også inn på viktigare tema slik som dyrevern, politikk, mobbing, sjøvbilete og andre viktige tema. Tonje bloggar som sakt om dyrevern, rettane til dyr/manglande rettar og kjem ofte med sterke innlegg som er ein opp vekker for dei som ikkje veit kor mykje grusomheiter det finst angåande pelsdyroppdrett, dyre hold og andre tema angåande dyr.

Man kan sjå at både bloggen til Sophie og Tonje er samansette tekster fordi dei både har tekst og bilete i nesten alle innlegg. Ofte blir det også lagt ut videoklipp. Det hender at Sophie Elise legg ut videoklipp ho sjølv har laga. Både ho og Tonje legg ut klipp frå youtube. Tonje brukar ofte youtube videoar eller andre videoar til å understreke det ho nettopp har skrive.

Likskapane ved desse to bloggane er at dei begge er veldige flinke til å skrive eigne meiningar, som ofte er veldig sterke. Begge er oppteke av dyr og dyrevern, og de skriv sterke innlegg om dette. Den største likskapen er kanskje at dei begge er utrulege gode skrivarar og ein som lesar blir både overbevist og engasjert. Dei gjer eit inntrykk på deg.

Ulikheter er at Sophie Elise har fleire tema på bloggen sin, medan Tonje relaterer nesten alle innlegga sine til tema angåande dyr. Noko som er bra sidan det er dyr som er temaet. Ein annan ulikhet er kor personleg dei er på bloggen. Sophie fortel om livet sitt og deler mykje meir enn Tonje.

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar