tirsdag 10. desember 2013

 Oppgave 1a, filmmelding


FRIHETENS REGN

 
Titel: Frihetens regn (på engelsk The Shawshank redemption.»

Regi: Frank Darrabot

Sjanger: Drama

Skodespelarar:

Tim Robbins som Andy Dufrens

Morgan Freeman som Ellis Boyd «Red» Redding

Bob Gunton som Warden Norton

William Sadler som Heywood

Clancy Brown som Captein Hadley

Gil Bellows som Tommy

James Whitmore som Brooks Hatlen

Nasjonalitet: USA

Språk: Engelsk

Lengd: 2t og 22min

Aldersgrense: 15 år

Utgjeve: 1994

1947 blir Andy Dufrense(Tim Robbins) dømt til å sone dobbel livstid i fengselet Shawshank for å ha myrda kona si og hennas elskar. I fengselet blir Dufrense utsett for brutale overgrep både av vaktar og innsette. I fengselet blir han venner med Red (Morgan Freeman) som etterkvart utviklar seg til eit venskap så sterkt at det kan rive murar. Andy Dufrense har bankerfaring, noko som kjem godt med. Han hjelper vaktene og direktøren med finansielle råd, noko som gjev han store fordeler. Dufrense får jobbe på kontora til direktøren og han opparbeider det gamle biblioteket i fengselet.
 
the_shawshank_redemption
the_shawshank_redemption
CC lisens fra Flickr
Lagt ut av: sreeat89

Eg likte filmen svært  godt.  Filmen er veldig imponerande. Han unngår dei vanlege klisjeane, men har enno ein god og overtydande historie. Manuskriptet er genialt og skodespelarane er veldig gode. Spesielt Tim Robbins. Han har tolka Andy Dufrense på ein utruleg bra måte. Filmen får deg til å reflektere over livet, rett og gale, menneskeverd og ikkje minst håp. Dei siste 30 minutta er geniale. Du blir knytt til karakterane noko som gjer filmen endå betre.  Denne filmen er den typen som får folk til å sitje heilt stille etter slutten. Som får deg til å tenkja, reflektere og prøve å forstå sanninga ved dette. Han er æres fylt og ein leksjon om livet.  Ein god film får deg til å føle magi medan du ser på han, men det som skal til for at eg synest ein film er god og verd å sjå, er dei filmane der magien hengjer igjen lengje etter filmen er over. Frihetens regn er eit døme på denne typen film.

Filmen passar for dei som ønska seg ein vakker filmopplevelse utan dei vanelege klisjeane. For at ein skal like denne filmen må ein være interessert i ein film som lar deg tenkje og reflektere. Både han eldre generasjonen og ungdommar kan like denne filmen.  Grunne nokre scenar passar han ikkje for barn under 11 år.

 
Terningkast: 6
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar