søndag 8. desember 2013

Oppgave 2a, filmanalyse

THE SHAWNSHANK REDEMPTION/FRIHETENS REGN



Frihetens regn er ein eineståande film spilt inn i USA, regissert og produsert av Frank Darabot. I Noreg er filmen gjeve ut 6. januar 1995. Han er basert på Stephen Kings novelle ”Rita Hayworth and The shawshank redemption.” Hovedrolleinnhaverne er Tim Robbins som Andy Dufrense,  Morgan Freeman som Ellis Boyd ”Red” Redding, Bob Gunton som Warden Norton, William Sadler som Heywood, Clancy Brown som Captein Hadley, Gil Bellows som Tommy, Mark Rolstone som Bog Diamond og Jams Whitmore som Brooks Hatlen.
1947 blir Andy Dufrense(Tim Robbins) dømt til å sone dobbel livstid i fengselet Shawshank for å ha myrda kona si og hennes elskar. I fengselet blir Dufrense utsett for  brutale overgrep både av vaktar og innsette. I fengselet blir han venner med Red (Morgan Freeman) som etterkvart utviklar seg til eit venskap så sterkt at det kan rive murar. Andy Dufrense har bankerfaring, noko som kjem godt med. Han hjelper vaktene og direktøren med finansielle råd, noko som gjev han store fordeler. Dufrense får jobbe på kontora til direktøren og han opparbeider det gamle biblioteket i fengselet.



Morgan Freeman og Tim Robbins
Morgan-Freeman-Tim-Robbins---Shawshank-R edemption-Photograph-C12142816
Lagt ut av: sreeat89
CC lisens via Flickr

 
Handlinga i filmen utspiller seg i 1947 og mange tiår framover. I fengselet er det eit brutalt miljø med mykje vald, urettferdighet, redsel og konfliktar. I filmen hører ein dette blir sakt av hovudpersonen Andy: «Yeah. The funny thing is - on the outside, I was an honest man, straight as an arrow. I had to come to prison to be a crook.» Dette fortelje kor mykje miljøet kan påverke karakterane i filmen. Filmen er i fargar, og i kronologisk rekkefølgje.
I filmen er det brukt ulik musikk/lyd effektar for å framheve stemninga. Som seer vil dette gjere at ein følar seg meir med i filmen. Det vil også påverke korleis vi som person oppfattar hendelsen som utspiller seg på skjermen, og kanskje gjøre at ein bli meir engasjert.  Lydeffektar og musikk framhevar kjenslene som allereie skjer på skjermen, og i denne filmen er det likedan. Ein får eit sterkare inntrykk.
Andy Dufrense er hovudpersonen i filmen. Han er ein stille mann med stor kunnskap. Han har ein tolmodighet som blir beundra, og rettferd er ein viktig del av han. Han jobba tidlegare i ein bank og er ein kjapptenkt mann. Heilt frå starten møter vi han som ein litt mystisk karakter som utgir seg for å være mykje mindre enn det han er.  Vi får også med oss at heilt frå starten er Andy ein mann med mykje håp. Noko som er svært viktig for kva som skjer i resten av filmen.
Red er også ein av hovudpersonane i filmen. Etter at Andy Dufrense kjem til fengselet blir han og Red venar, og det forandrar Red ettersom tida går. I starten av filmen møter vi Red som en karakter utan håp. Han forteljar at håp er en farlig ting, og det kan ta knekken på ein. Seinare i filmen  forandrar Red seg. Mot slutten er han ein mann full av håp.  Dette takket være Andy.  
Bodskapen i historia blir presentert på ein spesiell måte, det er venen Red som fortel. Det blir bygd opp ei indre spenning gjennom heile filmen.  Filmen handlar i hovudsak om håp. Håp om å bli ein fri mann. Håp om å bli lukkeleg. Det er mange tema som blir teke opp og det er store kontrastar. Det er ein film som har alt. Enkel men samtidig avansert. Trist men samtidig gledeleg. Forferdeleg men samtidig slåande vakker. Det er ein film ein ikkje gløymer. Refleksjonane over livet og menneskeverd er ein tankevekker.  Han er inspirerande og fengjande med dødeleg alvor. Det er ei historie om vendingane i fasane til eit par menneske. Filmen fortel om livserfaring, kunnskap, redsel, håp, frykt, korrupsjon, fangenskap og fridom.

Trailer:
 
Kilder:

http://www.flickr.com/photos/21791978@N05/3143949424/in/photolist-5MPyCy-avwNFq-fsu4Ad-fseJJB-fsu4S5-fsu4EQ-fseJE8-fseJoi-fsu4tf-fseJ24-fseHVM-fseJzX-9zpcZs-9XuV7r-aYfGmD-dxHqP1-djjWny-djjXJa-djjVR7-djjVUb-djjVZY-djjXjK-djjW5o-djjXo2-djjWhS-djjXPg-djjX9p-djjVYS-djjVXj-djjXA8-djjXGz-djjWjw-djjVJ9-djjXuX-djjVKW-djjW9s-djjXVX-djjVNQ-djjWbQ-djjW6J-djjWqu-djjVCf-djjXe6-djjX4i-djjVEh-djjXFk-djjW4d-djjXUK

 
 
 

1 kommentar:

  1. Jeg synes du har skrevet en kjempe bra analyse! Avsnittene dine er ryddig, som gjør at det blir mere spennende å lese. Innledningen din er veldig bra, som gjør at man får lyst til å lese videre. Jeg synes også at du avslutter veldig bra!

    SvarSlett